Del saken
Over halvparten av kvinner mellom 18–25 år vil ha vegetarmat enten julaftan, første eller andre juledag i år, skriv NRK.
Nyhetskanalen viser til ei undersøking av Norstat på oppdrag frå Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Les også: Hvordan unngå problemer etter julematen
Ein av dei som vel vekk juleribba er Katrine Wangen frå Bærum. Ho studerer økonomi ved Universitet i Stavanger og er ifølgje NRK typisk for si eiga aldersgruppe.
– Pappa liker ikkje at eg droppar pinnekjøttet i år. Men dei må nok akseptere at eg held meg til poteter, kålrotstappe og alternative produkt, seier Katrine Wangen.
– Det er etiske grunnar til at eg har valt å bli vegetarianar. Eg er veldig glad i dyr og meiner det er gale å drepe dei.